Ohma

Kurt, Eva, Malin, Kaja og Mateo

torsdag 27. november 2008

Innvandrar- Eva

I går hadde vi koseleg besøk av nokre av ungdommane i kirka. Vi åt kaker, drakk kaffe og brus, og hadde "drøsen" som det heiter. Utruleg kjekt! Og noke som gjorde kvelden min enda bedre, var då eg snakka med ein av ungdommane, vi kan kalle han Lars. Eg hadde ikkje snakke så masse med Lars før, og det var tydeleg at han ikkje visste heilt korleis han skulle snakke til meg. Eg blei plassert i innvandrerbåsen. I dette tilfellet vil det seie at han snakka til meg kun med enkeltord og ikkje i heile setningar, fordi han trudde eg ikkje skjøna språket. Det heile blei ganske komisk. Det er ikkje så lett å skjøne den venlegsinna innvandrer- samtalen. Kva ville du svart om noken spurte deg: "Du? bryllupet?". Kva vil denne personen fram til? Er eg plutseleg invitert i bryllup? Lurer han på om eg likte bryllupet? Og kven sitt bryllup i så tilfelle? Eg skulle til å sei at det er lettare å skjøne deg om du snakkar i fullstendige setningar, men motet sank; eg veit ikkje kva som er uhøfleg og ikkje. Men i løpet av kvelden gjekk han heldigvis over til å snakke i normale setningar. Befriande. Sjølv ein innvandrer kan forstå meir enn folk trur...:)

PS: Gratulerer med dagen Arild! Eg ringe ein anna dag; fekk aldri svar tilbake....

2 kommentarer:

torri sa...

Du.. flink.. kultur.. snakke.. klikke.. må ikke.. kurt!

Sånn ellers.. stå på!

ellenegg sa...

HEI HÅ der borte!! Fylle me dåkk vettu å tenke på dåkk!! Jammen mange utfordringar i kvardagen!! Ikkje bare bare.. Men SÅ kjekt å lesa her inne!! Fortsett sånn!! GO ADVENT!! Savne dåkk! Klem