Ohma

Kurt, Eva, Malin, Kaja og Mateo

lørdag 2. mai 2009

og sånn går no dagan

Vi skulle veldig gjerne ha lagt ut bilder, men kameraladaren ligg i Potosi.. derfor får vi heller demonstrere: :) Slik. Vi trur nemlig vi har fått verdens blidaste baby. Riktignok i overkant sosial, spesielt etter nattmåltidet, då blir det ofte tre stk i dobbeltsenga. Berre ho får noken å gurgle med, så er ho fornøgd. Derfor tilgir ho og gjerne storesøster som i går sparka ho i hovudet ( uten vilje). Det var faktisk første gang vi har fått Malin til å sei unnskyld. Ho har ikkje sett nødvendigheten før, men i går kom altså øyeblikket..

Kva skjer ellers? Vi bur og trives fortsatt på barneheimen vår. For tida er ungane på tur og vi ruler området "aleine". Første kvelden var vi rett og slett litt nervøse for hundane bjeffa utruleg masse. Vi tenkte på innbruddstjuvar osv, men når morgonen kom skjøna vi kvifor; ein stor "hund", i størrelse nærmare hest, har ankomme heimen, og det er ikkje så lett å vere ny.. Her skal det nok bjeffast ei stund til. Med den hunden innen rekkevidde, er eg usikker på om eg tør å bevege meg utanfor leilegheita aleine. Mulig eg ventar til ungane kjem tilbake..Dei har så godt lag med dyra;)

I dag har vi vore på middag hos våre gode venner Orlando og Carmen. Dei er naboane våre frå der vi budde før. Dei har ein gut som er like gammal som Malin. Dessverre har han ein tendens til å sparke, slå, dytte og lugge, i dag var resultatet blant mange tårer; blåkul i panna til Malin. Men etterkvart leika dei faktisk litt og. Malin er lærevillig og tar med seg dei "gode" tipsa til korleis ein skal oppføre seg vidare i livet, til stor frustrasjon for ei utålmodig mor.

Må forresten berre nevne at Kurt i dag har kjøpt dress for 250 kroner.. Brukt sådan, men fin:)

No gleda vi oss veldig til Anna, Nils og Amalie kjem i juli!! og svigers, pluss faster Ingfrid og Andrea i september! Det blir kjekt å vise fram ungane, og landet vårt! Så håper vi berre at vi har fått ein plass å bu innen den tid....Hasta luego!

Ingen kommentarer: