Ohma

Kurt, Eva, Malin, Kaja og Mateo

torsdag 29. oktober 2009

Misjonersamling og barnehagestart

Her kjem nokre faa bilder fra misjonersammenkomsten her i Cochabamba. I etterkant ser vi jo at vi ikkje er dei flittigaste fotografane, men saann er det. Malin hadde det veldig kjekt i lag med Fabiola og Andrea, paa tre og fire aar. Deilig for baade smaa og store.

Fabiola likte veldig godt "Beibien!"Malin og Andrea poserer..

Ein kveld var damene paa byen. Det endte som vanlig opp i bowlinghallen, der Marit, som den sjefen ho er, plasserte kulene der dei skulle vere. Underteikna kom paa siste plass. Viss eg noken gang skal bowle igjen skal eg ta bilde av dei fiffige bowlingkuletrillebagane som var aa oppdrive til ein meget rimelig penge. Det var ikkje snakk om meir enn ein 150 dollar, ca. Morro var det uansett.

I gaar var dagen daa Malin endelig skulle begynne i barnehagen. Det endte godt, sjölv om det starta paa den hysteriske sida. Malin hylte og grein, til slutt gjekk eg, men daa maatte eg og grine litt. Det er ikkje akkurat saa kjekt aa gaa i fra ungen sin saann. Men daa dagen var over i halvtolvtida, var ho storfornögd. "Mira mamma!" (sjaa), der kom ho dragande med ein stoor pose med godteri. Det var ein av ungane som hadde bursdag, og dermed blei det godteposar, ballongar og kaker til heile gjengen. Og der blei lista lagt...Malin er sikkert sjuk naar ho har bursdag. Eller mest sannsynleg paa tur ein eller annan stad.

Her er Malin med ballongen og godteveska som eg ville kallt den.

I morgon skal dei "feire" halloween. Kjenner eg er skeptisk. I alle fall i dette landet der dei dödes dag er veldig viktig. Her maa ein tilfredsstille dei döde, saa dei ikkje skal komme igjen for aa plage. Eg trur ikkje döde kan komme igjen, men eg trur djevelen vil gjere folk redde, og det klarar han. Eg er glad eg ikkje treng aa vere redd. Eg kjenner ein som seier "Ver ikkje redd, for eg er med deg! Sjaa deg ikkje raadvill ikring, for eg er din Gud! Eg hjelper deg og styrkjer deg og held deg oppe med mi rettferds högre hand" Jesaja kap 41 vers 10

2 kommentarer:

Mariann sa...

Det e så givande og morsomt å lesa det dokk skrive! Så flinke dokk e å formidla! Og jentene dokkars e så fine! Det komme forresten ei jenta te i vår lille familie og!

eva bente sa...

åå gratulerer Mariann ( og Øystein ja)!! når er terminen? eg får sjekke fjesboka, der er det sikkert noken som har spurt før..:)Kjekt at noken lese bloggen vår, til tross for litt oppogned i bloggingshyppigheten. Veit det er lenge sida, men tusen takk for bildene vi fikk av Julie på mail! Ho er blitt så stor, og utrulig søt! Vi er heldige som har så bra ungar:)