Ohma

Kurt, Eva, Malin, Kaja og Mateo

søndag 11. april 2010

Gratulasjonar og fordømmelse

Først må vi takke for gratulasjonar og også gaver som Malin har fått i dag. Ho er veldig fornøgd med å vere tre år:)

Her i Cochabamba er rettssaken til dei norske jentene endelig i gang. For noken dagar sidan las eg ein blogg der ein fyr kommenterte at det var så unødvendig av Stina å ikkje fortelle kven barnefaren er. Kommentarane som blei gitt på innlegget gidde eg ikkje å gjengi ein gang, men dei vitna om liten sjølvinnsikt og mykje fordømmelse. Det forundrar meg faktisk veldig, at folk kan sitte i Norge og ønske to ungdommar i Bolivia livslang fengselsstraff, for noko dei ikkje er dømde for enda. Det virkar som grunnen til dette ønske var at Stina ikkje oppgav kven barnefaren er, og at dei ser for glade ut når dei blir filma og tatt bilder av.

I Bibelen er det ei fortelling om ei kvinne som var tatt på fersk gjerning i å ligge med ein mann som ikkje var hennas. Farisearane og dei som kunne lova kom til Jesus med ho og sa: lova seier vi skal drepe ho( ved å steine ho til døde), kva seier du? Og Jesus svarar: Den av dykk som ikkje har synd kan kaste den første steinen. Då gjekk alle vekk. Eg synes det er veldig fint dette. Dei gjekk, for dei skjøna at viss dei kasta ein stein på dama, kunne andre gjere det samme med dei sjølve. Historia stoppar ikkje der. Jesus spør dama kvar dei andre blei av, er det ingen som fordømmer deg? Ho svarar , nei, ingen. Då seier Jesus: Heller ikkje eg fordømmer deg, gå bort og synd ikkje meir.

Jesus kan noko vi har så utrulig vanskelig for. Han klarer å ikkje fordømme, og samtidig ikkje godta synda. Han seier ho ikkje skal fortsette sånn ho holdt på, men samtidig fordømmer han ho ikkje. Ein vanskelig balansegang, som det er vel verdt å fundere over. Eg skulle ønske folk som skrive fordømmende blogginnlegg kunne fått litt meir sjølvinnsikt, så hadde dei kanskje slutta å kasta steinar.

Eva B

2 kommentarer: