Ohma

Kurt, Eva, Malin, Kaja og Mateo

lørdag 27. november 2010

Satt i går og tenkte på framtida, og var litt bekymra. Det er så vanskelig å ha kontroll på alt! Plutselig gikk det eit lys opp for meg; Gud veit jo alt, han har oversikten. Han ser det store bildet, heilheten. Og eg blei veldig glad og letta. Eg kan legge livet mitt hendene til Gud, som veit alt, og som seier at han har gode planar for meg. Dessuten: "Alle ting tener til det gode for dei som elskar Gud" Romerane kapittel 9 vers 28. Flaks at kjærleiken og kjem frå Han.

Så ein anna ting. For ei stund sida fekk vi beskjed om at ein av dei gamle lærarane våre på Fjellhaug var død. Eg satt på bussen etterpå og syntes det var veldig trist. Og det er jo trist når folk dør. Men eg fikk eit bilde inni meg av denne læraren, i himmelen der han sang av full hals: "Halleluja! Min sjel er fri! Min trellestand er nå forbi, på land og hav, min sak er klar, hvor Jesus er jeg himlen har!". Han såg så glad ut at eg måtte berre smile etterpå.

Ingen kommentarer: