Ohma

Kurt, Eva, Malin, Kaja og Mateo

torsdag 14. april 2011

Ein god nyhet!


I dag vil eg fortelle ein god nyhet! Kva kan det være? Eg har løysingen på to av dine store problem!! Kva er alle menneske sitt største problem? Døden. Alle skal dø ein gang, om vi vil eller ikkje, og ingen veit når det skjer. I dag, i morgon, eller når du blir gammal. Kva er eit like stort problem, som faktisk er skyld i at vi må dø? Synd. ”det er ikkje aktuelt for meg” tenker du kanskje. Men viss et familiemedlem blir drept, då blir det ditt problem, og då ser du konsekvensen av eit anna menneske si synd. ”Eg er like god som alle andre”, seier du kanskje no. Det tvilar eg ikkje på, men viss du tenker du er like god som meg, så har du eit stort problem. Eg fortel ofte halvløgner, eg held ikkje det eg lovar, eg er misunnelig på andre, eg blir utrulig sint på folk, eg synes veldig synd på meg sjøl. Eg held ikkje Guds målestokk for korleis eg burde ha levd. Gud vil vi skal leve perfekte liv, og gjere det som han seier. Dei ti bud er berre forsmaken ( som du finn i 2 mosebok kapittel 20). Jesus, som mange kallar ein stor lærar, stramma det inn enda meir. Berre du seier ”idiot” til noken, er du skyldig i å ha brutt med Guds vilje.

Kva er så løysinga? Jesus! Han kom for å oppfylle alle Guds ord. Det vil seie at livet han levde var i heilt perfekt harmoni med Guds vilje. Deretter døde han på et kors, og opp på korset tok han med seg alt det gale vi har gjort, og som vi vil gjere. Ein uskyldig måtte dø for dei skyldige. Og den skyldige det er meg og deg. Hadde Jesus sjølv gjort synder, kunne han ikkje ha tatt straffa vår, for då hadde han sjølv fortjent straff. Men no har han tatt vekk syndene våre så vi skal få komme til himmelen når vi dør.

Når vi no veit dette, kva skal vi gjere? ”Vend om og tru på meg”. Gud vil vi skal ta et oppgjør med livet vi har levd. Han vil vi skal be han om tilgivelse. Og han er klar med tilgivelsen! Han kan ta vekk all skyld du kjenner på. Han kan forandre livet ditt, om du lar han gjere det. Og så kan du ta i mot gaven Jesus gir deg; tilgivelse, og evig liv. I tillegg vil han vere med deg kvar dag. Han er ikkje lenger enn ei bønn vekke…

Ingen kommentarer: