Nokon lurer kanskje på korleis det går med misjonærbarnet her ute, og vi kan avsløre at det går bra. Vi er stolte av å herda ho så godt i norge med tanke på hygiene, at ho ikkje har hatt ein einaste dag med diarè i dette landet. Men i staden for å vere stolte, kan vi heller benytte anledningen å takke alle som ber for oss og spesielt Malin, det er vi veldig glade for- og trenge det!!
Misjonærbarn sviktar aldri: i dag var ho så heldig å få ein sjokoladejulekalender av sjefen vår i norge. Det første ho gjorde var å peike på bilde av julenissen og sei "Esus" (altså Jesus..). Eg synes i grunn ikkje samanlikninga var såå dårlig. Jesus gir og mange gode gaver, men den største var jo han sjøl. Der kan nok ikkje julenissen stille opp, om han prøver aldri så hardt..
Ein dag lurte eg på kven som var den voksne av oss. Eg hadde skifta bleie på Malin i stua, og etterpå berre lagt bleia på golvet. "Beia", seier Malin, tar den opp og tassar ut. Eg er nysgjerrig og lurer på kor ho har tenkt seg med den. Det viser seg at ho går ned på doen og kastar den i søpla.. Men et par daga seinare når eg fant dorullen tom, og alt det reine papiret i søpla, skjøna eg at det ER eg som er den voksne.
Ellers er det mest brukte uttrykket "Tai faaiiiiiii!" (High five). Dette er et uttrykk som skal ROPES ut med den eine armen strekt ut i lufta, og eit alvorleg ansiktsuttrykk. Det passar fint å ROPE dette kor som helst, når som helst. sånn sett et veldig anvendelig begrep.
Den lille "engelen" vår har skjøna at viljen er til for å uttrykkast. Dette fører til at "nei" også er et uttrykk som kan ROPAST ut når det passar sånn. Men også når det ikkje passar heilt. Då kjem det ofte et tynt "ja" etterpå. Mat er ikkje favorittaktiviteten for tida (til stor undring for oss som har sett barnet trykke i seg det meste i løpet av sine første 1,5 år). Dette hindrar ho likevel ikkje i å ete søte saker. Ein morgon kom ho inn i stua til kurt med ein kopp og ei flaske brus; "Bus?". I forbindelse med søtsaker og andre gode saker, har ho lært seg det viktigste spanske ordet: "Mas?" (meir?). Ein dag ved frukostbordet sang eg ein sang til ho. eg må innrømme at eg blei litt stolt når ho sa "mas?" for kvar gang eg var ferdig med verset..
Malin var ikkje så trøtt når vi la ho i dag, så ho låg lenge våken i senga si. Ei stund trudde vi ho hadde sovna, men så hørte vi plutselig, svært tydelig: "Tai faiiiiii!!!!!". og med det avsluttar eg dette innlegget. God natt!