I gaar inviterte vi et vennepar med paa ferieplassen. Dei har ein sönn som er like gammal som Malin. Problemet hans er at han blir overbeskytta, han faar ikkje lov til noken ting. Dette förer til at han blir veldig frustrert og hissig (som igjen förer til at naar eg seier: "I dag skal vi til Brando", saa seier Malin: "jippi! nei Brando slaa nei" ( som betyr jippi, Brando faar ikkje slaa)). Her er Brando og Carmen, Malin og Kaja:

Paa ferieplassen er det eit basseng. Brando fekk ikkje gaa naermare enn to meter fra det. Det vil sei at det blei ein del: nei, Brando, nei, kom hit! nei, no blir eg sint! kom hit!! Her kan du sjaa fingeren= dit skal du ikkje gaa...:)

Ein stad har eg laert om eit sosialt fenomen som gaar ut paa at naar noken er veldig stressa/ glad/ bekymra osv, kan folka som er rundt bli veldig rolige/ kritiske/ ubekymra osv, som for aa vege opp for dei sterke fölelsane. Trur vi opplevde litt av det i gaar. Vi er ikkje saa veldig stressa naar det gjeld Malin, men det faar vere grenser for rolighet. Eg hörte nemlig Malin og Kurt: Malin: "Eg vil bade!", Kurt:" Det er berre aa hoppe uti det". Saann kan det gaa naar ein har stressa venner...slapp av folkens!
Etter ferieplassen var eg paa kvinneforening/ strikkeklubb paa Jesus Maestro. Dei blei veldig overraska naar eg kunne meddele at eg for förste gang hadde fullfört et prosjekt.. Her har vi Gregoria, Gemena, Deni, Veronica og Mercedes.


Veldig koselig gruppe med koselige folk. Först strikkar vi el.l ( eg har vel ofte ein tendens til aa passe ungar framfor aa strikke), saa synge vi litt, og ein leser litt fra Bibelen og seier litt til det. Saa er det refrigerio. I gaar var det is og kjeks. I dag skal eg paa ny kvinneforening med kvinner fra kirka vaar. Det blir ein del saanne foreningar. Av og til er det litt stress, men samtidig er det ein fin maate aa bli kjent med folk paa. Saa ein maa pröve aa henge med saa godt ein kan:)
Og her er siste oppdatering paa utseendet til familien Ohma: