Søndag begynte karnevalsleiren her i Cochabamba. Det var kjempeopplegg med foredragsholdera fra La Paz. Temaet var vel mest parforhold. Masse av det som blei sagt var bra, og noke var eg litt skeptisk til...For eksempel sa dama at noke var galt om mannen gikk rundt i "slaskete", skitne eller holete klede..følte meg litt truffen der ja;) Og så meinte ho at mannen måtte ha ansvaret for pengane og at ein ikkje burde gifte seg når ein er 18 år, då var ein for ung. Det som var bra var at dei snakka rett fram, blant anna om grenser i forhold til seg sjølv i kjæresteforhold. Det blei òg snakka om typiske "feil" ein kan gjere i parforhold, blant anna det å busette seg hos foreldrene sine. Kanskje ikkje så aktuelt i Norge, men desto meir aktuelt her.
Det blei og snakka om at den einaste som kan fylle alle våre behov er Gud. Vi kan aldri finne ein perfekt mann eller kone, som alltid er der for OSS når VI trenger det. Men det er Gud. Det beste er at han kjenner oss bedre enn oss sjølv, så han veit akkurat kva slags behov vi virkelig har, og så gjer han alt for å fylle dei. Dei største behovet vi har, om vi veit det eller ikkje, er behovet for tilgivelse. Og behovet for å bli elska ubetinga. Begge disse behova fyller Gud til punkt og prikke.
På leiren fekk Kaja seg ei ny venninne; Belèn. Ei utrulig søt og sjarmerande jente på snart 11 mnd. Dei leika fint i lag under foredraga. No håpar vi vi får bli bedre kjent med ho og foreldrene hennas i nær framtid. Her er bilde av dei to venninnene og Malin med tunga si..

I dag er siste dag på leiren, men eg (eva) og jentene er heime igjen. Vi kan seie det sånn at våre ungar ikkje er opplært i å sove på rom med sju andre, som ikkje legge seg kl 18.30..Det var litt vanskelig å sove. Men mest er vi heime fordi begge er forkjøla, i går kveld hadde kaja nesten 39 i feber, og når då Malin nekta å sove, fant vi ut at det var like lurt å køyre heim og sove siste natta her. Men neste år er vi klar igjen for karnevalsleir!!
Kurt reiste opp på leiren igjen i dag tidlig, og etterlot oss her uten mat i huset. Siden det er karneval er det feriado og alt er stengt. Då var det berre å sette i gang og bake rundstykker.

Her er Malin med brettet med rundstykka sine. Fornøgd med dei:)
