
I sommar har eg plutselig skjønt meir av Gud sin NÅDE. Av Gud sin kjærlighet. Koffor måtte Jesus komme ned til jorda? Fordi vi ikkje kunne komme til himmelen når vi fortsatt hadde synd, gale ting vi seier, tenker og gjer i livet vårt. Fordi Gud er så STOR og HELLIG og FEILFRI. Ka gjorde Gud? sendte sin eigen sønn (!) i døden, sånn at han på den måten kunne ta den straffa EG skulle hatt for det gale eg gjer. Men Jesus er ikkje død i dag. Han LEVER! Og berre ved å ta i mot hans gave får vi evig liv. vi kan ikkje gjere noken ting!
Eg har tenkt; greit at eg ikkje kan gjere noke for å fortjene frelsen. Det har eg skjønt. men etterpå har eg tenkt; for å holde på frelsen må eg vel gjer sånn og sånn og sånn. Men eg har tenkt feil. Jesus tar i mot meg sånn som eg er. Han tilgir igjen og igjen. Han har frelst ein syndar, ikkje ein feilfri person. (som vanlig må eg legge til at vi ikkje berre skal leve et likegyldig liv etterpå. Det handlar om å ære Gud og hjelpe andre og oss sjølv) Gud sine tankar og planar og bud er GODE. Han har GODE tankar for deg!! han vil sette deg fri! sannheten gjer fri står det i bibelen. Føler du deg fri om du prøver å tenke: Eg er ingen "syndar", alt eg gjer, tenker og seier er gode ting. Eg føler meg fri når eg tenker: eg gjer, tenker og seier utrulig mange dårlige ting, tenk at Jesus ville dø for meg likevel! Han elskar deg og, han DØDE for deg og!
"For så høgt ELSKA Gud verda at han gav sin sønn, for at KVAR den som trur på han IKKJE skal gå fortapt men ha evig liv". Johannes kapittel 3 vers 16
"Han som vil at ALLE skal bli frelst!" 1 Timoteus kapittel 2 vers 4
eva b