Ohma

Kurt, Eva, Malin, Kaja og Mateo

lørdag 27. november 2010

Satt i går og tenkte på framtida, og var litt bekymra. Det er så vanskelig å ha kontroll på alt! Plutselig gikk det eit lys opp for meg; Gud veit jo alt, han har oversikten. Han ser det store bildet, heilheten. Og eg blei veldig glad og letta. Eg kan legge livet mitt hendene til Gud, som veit alt, og som seier at han har gode planar for meg. Dessuten: "Alle ting tener til det gode for dei som elskar Gud" Romerane kapittel 9 vers 28. Flaks at kjærleiken og kjem frå Han.

Så ein anna ting. For ei stund sida fekk vi beskjed om at ein av dei gamle lærarane våre på Fjellhaug var død. Eg satt på bussen etterpå og syntes det var veldig trist. Og det er jo trist når folk dør. Men eg fikk eit bilde inni meg av denne læraren, i himmelen der han sang av full hals: "Halleluja! Min sjel er fri! Min trellestand er nå forbi, på land og hav, min sak er klar, hvor Jesus er jeg himlen har!". Han såg så glad ut at eg måtte berre smile etterpå.

torsdag 18. november 2010

Litt bilder







...fra dei siste vekers begivenheter.Perutur, kvinneleir, bryllup, og kvardagsliv sammen med Håkon, Ylva og gleden det gir å rote:)

Så må eg berre sei at vi var over 30 stk på alfakurs! alle vi inviterte som sa ja kom,(utenom ei..). Det blei ein veldig fin kveld. Vi hadde ein icebreaker- leik som slo veldig godt an, god mat ( pollo al horno), god informasjon ved Anne og et sterkt innlegg av Preben der han fortalte korleis Jesus fant han. Fra mørke til lys:) Vi blei veldig oppmuntra av denne kvelden. No ser vi fram til, og er spente på fortsettelsen. Første "skikkelige" kursdag er søndag 28 november, ver med oss!

onsdag 10. november 2010

barnehage og alfakurs



Familien ohma per juni 2009.

Tida går fort. Vi har no to barnehagejenter i familien. Kanskje eg ikkje skal skryte av det? vel. Vi har og bytta barnehage, så det er litt vanskelig for Malin som no må gå i "ylva sin barnehage" og ikkje i sin eigen. Det som er fantastisk med denne barnehagen er at dei har ei kanin i hagen, og då er det ikkje noke problem å få Malin til å gå dit. To søndagar på rad har ho bedt på bønnemøte :"og så må du gjer sånn at eg får ei kanin med lange øyre...". "Når vi flyttar til norge" seier vi då. Kaja stortrives i barnehagen. Ein dag har ho grene litt, men ho ga seg før eg gjekk. så det er herlig.

Søndag skal ein gjeng norske og bolivianske begynne med alfakurs. Vi har stor tru på Guds plan med det kurset. mange vi har spurt har svart ja. Men dokke som ber kan få be om at dei komme og. Det er nemlig ofte litt vanskelig å svare nei her, sjølv om det er det ein gjerne vil. Husk på alfakurset! Vi veit at vi ikkje kan gjere noke uten Gud. Vi vil så gjerne at mennesker skal bli satt FRI. Fri fra skyld, fra menneskefrykt og bekymringar. Berre Jesus kan sette oss heilt fri!